- Songleik
Lille and
Lille and er ein enkel og morsom songleik eller rørsleleik som passar til og med dei aller minste.
Antall dansere
∞ (valfritt),
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barnehage
Barneskule
Tematikk
Dyr
Innspelingsstad
Vatne, Møre og Romsdal

Om dansen
Denne enkle songleiken passar både som oppvarming og som eit lite avbrekk i danseøvinga eller undervisningsøkta. Den passar både for barn i barnehagealder og eldre ungar. Den er også kjekk å bruke som oppvarmingssøving i tetergruppa.
Til kvar tekstlinje høyrer ein bestemt rørsle til. Du rører på den kroppsdelen som du syng om.
Tekst:
En lille, en lille, en lille and med vinger
En lille and med...
- vinger
- fot
- føtter
- rumpe
- nebb!
Namn på dansen: Lille and
Dansefamilie: Songleik, rørsleleik
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Vatne Frilynte Ungdomslag
Regi: Halldis Folkedal
Pedagog og regi: Anna Liv Skjelten Gjendem
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)




