- Songdans
Lev vel (hallingvisa)
Korleis avsluttar ei danseøving, dansekveld eller danseøkt? Med lev vel sjølvsagt!
Antall dansere
∞ (valfritt)
Målgruppe
Barnehage
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Nybyrjar
Erfaren
Innspelingsstad
Ungdomshuset Fjellvarden

Om dansen
Lev vel, eller Hallingvisa som ho òg heiter, er ei folkevise frå Hallingdal som blir brukt i heile landet som avslutningssong på dansekveldar, festar og øvingar. Siste del av songen frå og med "god natt" varierar litt frå stad til stad, og dette er slik dei syng den i Fjelli.
Alle held i ring og kryssar armane med høgre arm over venstre (veldig viktig!). Med litt roleg gyng fram og tilbake syng me gjennom songen, og heilt til slutt kan alle snu seg rundt. Og om alle har kryssa armane rett vender me ringen på ein litt morosam måte.
Teksten
Lev vel så vil eg seia også lettar eg på min hatt.
Lev vel så vil eg seia også svingar eg med min stakk.
Også seier alle gode vener ha ei god og ei roleg natt.
Også seier alle gode vener ha ei god og ei roleg natt.
God natt, god natt.
Takk for i dag!
(og tusen takk for dansen!)
Namn på dansen: Lev vel, eller Hallingvisa
Dansefamilie: Songdans
Område: Hallingdal
Musikk: Song
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Fjelli Ungdomslag
Regi: Halldis Folkedal
Instruktørar: Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)




