Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Songleik

Kjerringa med staven frå Vesterfjell

Kjerringa med staven frå Vesterfjell er ein enkel songleik til ein song som er kjend i store delar av landet.

  • Antall dansere

    2 (pardans),

    ∞ (valfritt)

  • Målgruppe

    Barneskule

    Ungdomsskule

  • Innspelingsstad

    Tårstad, Evenes

Fire unge dansarar i ring og ein spelemann. Solnedgang bak fjella på andre siden av fjorden i bakgrunnen.

Om dansen

Dette er ein enkel songleik frå Vesterfjell i Senja i Troms. Songen er kjend mange stader i landet, og blir brukt til ulike dansar og songleikar.

I denne varianten står dansarane på to rekker og ser på kvarandre. Partnaren din står på motsatt rekke. Stege er eit enkelt springsteg som går i takt med musikken og songen.

Det øverste paret tek saman i høgre armkrok og spring saman to gonger med sola. Så lagar dei port og spring ned på kvar si side av først den eine rekka, og så den andre. Det kan hende dei som står på rekken må bøye seg litt for å kome under porten.

Når dei har kome tilbake der dei begynte tek dei saman i ein armkrok og dansar 1 gong rundt med sola. Så slepp dei partnar og tek venstre armkrok med den personen som stod nedanfor i rekka på motsatt side og dansar omlag 1 gong rundt mot sola. Så tek dei høgre armkrok att, og slik fortset dei heilt til enden av rekka.

Når paret har dansa armkrok med alle på motsatt rekke, dansar dei ein siste gong rundt med eigen partnar før dei steller seg nederst i rekka. Då begynnar det paret som no er øvst. Slik går dansen til alle har fått dansa øvst.

Teksten

Kjerringa me' staven,
høgt opp i Hakkadalen.
Åtte potter rømme
fire merker smør.
Nokka had'ho stole,
nokka har ho før.
Kjerringa me' staven.
Kjerringa me' staven.

Sigrid hør på meg, du.
Sigrid hør på meg, du.
Vil du være kjerring
Skal e være mann
Vil du koke kaffi
Skal e bære vann.
Sigrid hør på meg, du.
Sigrid hør på meg, du.

Kjerringa med sækken
Hoppa over bækken.
Steinan dæm va isåt
Åsså blei 'o blaut
Åsså gjekk ho heim
og kokte seg ein graut.
Kjerringa med sækken
Hoppa over bækken.

Kjerringa te Tore
Slo så det smalt i bordet.
Gal'n har e vorre,
Verre ska e bli,
Det har e svorre
Heile mi tid.
Det sa'n Ola Tore.
Slo så det small i bordet.

Namn på dansen: Kjerringa med staven

Dansefamilie: Songleik

Område: Vesterfjell, Senja

Musikk: Mikal Lundemo

Kjelde: Dansetradisjonar frå Nordland og Troms – trykk på lenka for original skildring av dansen

Dansarane: Tårstad Leikarring

Instruktør: Birgitte Rørvik Bruun

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)

Fleire videoar

Sjå alle