Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Songleik
  • Turdans

Herr Smett

Herr Smett er ein songleik eller turleik frå Senja i Troms. Du kan danse han parvis eller på ring.

  • Antall dansere

    To eller fleire,

    Fleire,

    Større grupper

  • Målgruppe

    Barnehage

    Barneskule

    Nybyrjar

  • Innspelingsstad

    Vatne

Om dansen

Herr Smett er ein songleik frå Senja i Troms. På 1930-talet fekk Gudrun Lunde, som leia leikarringen i Bondeungdomslaget i Tromsø, høyre at Emil Berg frå Lysbotn på Senja kunne fleire gamle dansar. Gudrun fekk Emil til å lære dei vekk til leikarringen. Ho teikna også ned dansane og dei vart etter kvart vart sendt til Klara Semb som tok to av dei med i si bok "Norske Turdansar - Turdansar". Den eine var Herr Smett, den andre Gilrosen.

Melodien er ein variant av dei kjente Fru Cederstrøm eller Ritsj ratsj, som du kanskje også kjenner til? Dansen blir dansa i fleire land utanfor Noreg, i litt ulike variantar.

Namn på dansen: Herr Smett

Dansefamilie: Songdans, songleik, turleik

Område: Senja, Troms

Kjelde: Norske folkedansar: turdansar, Klara Semb - trykk på lenka for dansebeskriving og note.

Dansarane: Dansarane på filmen er frå Vatne Frilynde Ungdomslag

Regi: Halldis Folkedal

Pedagog og regi: Anna Liv Skjelten Gjendem

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)

Fleire videoar

Sjå alle