- Songleik
Har vel du sett?
Denne morsomme songleiken handlar om ein syklande elegant elefant.
Antall dansere
Fleire,
Større grupper
Målgruppe
Nybyrjar
Barnehage
Barneskule
Innspelingsstad
Aspåsen skole, Bodø

Har du høyrt om ein syklande, elegant elefant?
Om du ikkje har det så passar det bra med denne songleiken!
I denne filmen viser elevar på Aspåsen skole deg songleiken om nettopp slike elefantar. Songleiken passar for både større og mindre grupper. Du kan gjerne bruke den i barnehage eller i skulen, eller i dansegruppa eller koret.
I denne songleiken gjer du bestemte rørsler til ordene i teksten, og så tar du vekk eitt og eitt ord for kvar gong du synger songen.
Tekst:
Å har vel du sett hva som i lufta er?
Det er no kjempesvært som kommer syklende.
Det er en elefant som er så elegant.
Han har en snabel frem og hale bak.
Ord som blir tatt vekk:
1: du
2: sett
3: lufta
4: kjempesvært
5: syklende
6: elefant
7: elegant
8: snabel
9: hale
Songleikar vert rekna som ein av seks hovudfamiliar innanfor folkedansen. Dette er, som namnet tilseier, leikar der me syng til og ofte gjer danseliknande rørsler.
Noreg har ei rekkje folkelege songleikar i både nyare og eldre tradisjon. Det var særleg på 1900-talet at det vaks fram ei ny interesse for songleikar i dei nordiske landa. Mange av songleikane har nettopp ein klar fellesnordisk profil, særleg ser ein det i språket som vert bruka.
Namn på dansen: Har vel du sett?
Dansefamilie: Songleik
Dansarane: Elevar ved Aspåsen skole i Bodø
Prosjektleiar og regi: Halldis Folkedal
Pedagog Bodø: Anette Johansen
Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)
