Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Bygdedans
  • Halling

Hallingterning

"Hallingterning" er ein leiken måte å læra seg motiv eller rørsler i ein dans på. Du kan bruke metoden i omtrent kva dans du vil. I denne filmen viser vi korleis du kan bruke terning for å lære deg motiv i halling.

  • Antall dansere

    Ein,

    To eller fleire

  • Målgruppe

    Nybyrjar

    Erfaren

    Barnehage

    Barneskule

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

  • Innspelingsstad

    Scenehuset, Oslo

I denne filmen har me valt ut 6 rørsler henta frå halling. Du kan sjølvsagt velja andre hallingrørsler eller rørsler frå andre dansar om du heller vil det.

Frå folkedansen kan du til dømes ta utgangspunkt i motiv frå springar der du gjer motiva to og to over golvet, eller kanskje rilmotiv?

Du kan òg ha ulike dansar på kvar terningside, t.d. springar, polka, reinlender, ril, halling og parhalling.

Det er veldig populært om dei som er med på terningleiken får vera med og velja rørsler og trilla terning sjølve.

Trill terning!


Namn på dansen: Hallingterning

Dansefamilie: Bygdedans, halling

Musikk: Folkepedia - halling (speleliste)

Dansarane: Barn og ungdom frå Norsk Folkemuseums dansegruppe, BULder og Brak/BUL Oslo og BUL Sarpsborg.

Prosjektleiar, terningmeister og regi: Halldis Folkedal

Pedagog og regi: Trine Sjølyst

Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum

B-fotograf: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Nicolai C. Stigar

Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)

Hallingterning motiv 1:

Hallingterning motiv 2:

Hallingterning motiv 3:

Hallingterning motiv 4:

Hallingterning motiv 5:

Hallingterning motiv 6:

Fleire videoar

Sjå alle
  • Bygdedans
  • Springdans

Springdans frå Nordsinni