- Bygdedans
- Halling
- Gokarstykke
Hallingmotiv
Halling, eller laus, er ein av dei mest kjende og eldste tradisjonsdansane i landet. I denne filmen viser dansarar frå Oslo nokre motiv som du kan gjera i halling.
Antall dansere
1 (ein og ein)
Målgruppe
Mellomtrinnet (5.–7. trinn)
Ungdom/vaksne
Innspelingsstad
Oslo

Halling, eller laus, tilhøyrer dansefamilien bygdedans. Det er ein dans der ein dansar ein og ein, men du kan gjerne danse fleire samtidig på same golv. I halling finst det mange ulike motiv du kan leike deg med i dansen. Nokre motiv er ganske greie å få dreisen på, medan andre krev mykje øving.
I denne filmen har vi plukka ut nokre av motiva som du kan bruke når du dansar halling. Nedanfor kan du sjå nokre av ungdommane sine favorittmotiv.
Namn på dansen: Hallingmotiv, halling, laus
Dansefamilie: Bygdedans, halling
Område: Hallingdal
Dansarane: Ungdom frå Norsk Folkemuseums dansegruppe, BULder og Brak/BUL Oslo og BUL Sarpsborg.
Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal
Pedagog og regi: Trine Sjølyst
Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum
Pedagog, regi og musikk: Vegar Vårdal
B-fotograf: Lukasz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Nicolai C. Stigar
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)
Favorittmotiv: Heldehopp med Neri
Heldehopp er eit motiv i halling der ein held i foten og hoppar over den samstundes.
Favorittmotiv: Heldehopp (feil!)
Det er ikkje alltid det går slik som planlagt.
Favorittmotiv: Hovudstift med Frederick
Hovudstift er ein form for "framlengs" salto der du tek nedi golvet med hovudet før du sprett rundt og på føtene igjen.
Favorittmotiv: Tørrkast med Ånund
Tørrkast er det same som hallingkast, berre utan hatt.




