- Nylaga koreografi
- Halling
Hallingkoreografi
Dette er ein nylaga hallingkoreografi.
Antall dansere
Fleire
Innspelingsstad
Oslo Rådhus

Om dansen
Dette er ein hallingkoreografi som er nylaga av Halldis Folkedal. Koreografien er laga til bruk mellom anna på stemnet for born og ungdom kalla Småleik i 2019. Det er mange ulike motiv der nokre vert repetert. Ein del av motiva er fast bestemt medan nokre gir rom for fridans, improvisasjon og variasjon.
Her kan du laste ned dansebeskrivinga til hallingkoreografien som pdf-dokument.
Her kan du laste ned nota til "Mestertyven Arve Brakars halling".
Her kan du laste ned lydopptaket til "Mestertyven Arve Brakars halling".
Det er også mogleg å bruke anna hallingmusikk, t.d. kan du teste ut nokre av dei låtane som du finn i spelelista “Folkepedia: Halling”.
Namn på dansen: Hallingkoreografi, laga av Halldis Folkedal
Dansefamilie: Bygdedans, halling
Område: Denne dansen dansast over heile landet
Kjelde: Laga av Halldis Folkedal 2019
Musikk: Mestertyven Arve Brakars halling
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Barnelaget i Oslo og BULder og brak frå Leikarringen i BUL Oslo. I tillegg er det fleire dansarar med som ikkje har tilknytning til desse laga som er frå Oslo-området.
Musikarane: Musikarane på filmen er frå Unge folkemusikere i Oslo (UFO) og Oslo Kulturskule. UFO er tilknytt Laget for folkemusikk og har både felespelarar og songarar.
Regi og koreografi: Halldis Folkedal
Dansepedagog: Sunniva Sofie Christensen
Musikkpedagog: Marianne Tomasgård og Mari Skeie Ljones
Musikkansvarleg: Akershus og Østfold musikkråd
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2019)
Kjelder musikk:
Spelemenner, Richard Berge, Norges musikkhistorie I, Kristiania 1921 (135-171).
Norske Danse og Slaatter for Violin optegnede efter gamle Spillemænd fra 1856 til 1861, Anders Heyerdahl, (Oluf By’s Musikforlag, Kristiania).
Norske sagn etter forskjellige kilder, Jan Jørgen Alnæs, (Cammermeyers boghandel, Gustav E. Raabe 1947)
(Om musikken er skrive av Marianne Tomasgård, Akershus musikkråd 2019).
Filmen var eit samarbeid med Småleik, folkemusikk- og folkedansstemne og festival for born i Oslo juni 2019.
