- Songdans
- Turdans
Grautmarsj
Grautmasjen blei i eldre tider dansa under matserveringa i bryllaup. Denne grautmarsjen har òg ein tekst du kan synge medan du marsjerar.
Antall dansere
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barneskule
Nybyrjar
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Innspelingsstad
Eidsvåg, Romsdal

Om dansen
I bryllaupet var bruremarsjen eller brureslåtten brukt for å markera åretakene i brurebåten eller for å gje ei takt når brurefylgjet var på veg til kyrkja. Nokre plassar i landet vart marsjane under matserveringa kalla grautmarsj, mellom anna på Nordmøre.
Parvis marsjerar dansarane opp midten av golvet før dei slepp taket og går til kvar si side. På den måten lagar dansarane to rekker som danser ned att golvet på kvar si side. Når dei kjem til botn av rommet og møter kvarandre tek dei saman igjen og begynnar marsjen på nytt.
Det går òg an at para går forbi kvarandre når det kjem til botn av rommet og soleis går halvanna gong rundt rommet kvar for seg før dei tek saman igjen, og begynner marsjen på nytt.
Teksten
No må de koma stor og små!
Det e' bruragraut å få
så feit og fin i kommå sin',
nå må de smaka på!
No e' vi komme hit i lag
te så fin ein brøllaupsdag,
på borda e det mange slag
mange slag!
Namn på dansen: Grautmarsj
Dansefamilie: Turdans, songdans
Område: Nordmøre
Song: Bruramarsj frå Todalen, tekst av Bernt Bøe
Dansarane: Eidsvåg barne- og ungdomsskule
Lærar: Sigrid Skjølsvik
Dansepedagog: Anna Gjendem
Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai Caspari Stigar
Produsent: Noregs Ungdomslag (2018)




