Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Turdans

Firetur frå Romerike

Firetur frå Romerike er ein mykje brukt turdans med to par som er relativt enkel å lære.

  • Antall dansere

    4 (to par)

  • Målgruppe

    Barneskule

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

  • Innspelingsstad

    Linderud gard, Oslo

Fire karar dansar firetur, her midt i helsinga. Spelemannslag i bakgrunnen

Om dansen

Firetur frå Romerike er ein turdans der to og to par dansar saman. Dei dansar først i ring kvar veg før dei går over til å danse ei kjede. Etter kjeda helsar du på eigen partnar og dansar vals. Dei to para valsar rundt kvarandre. I filmen gjer dansarane store rørsler slik ungdomane i Oslo har gjort for moro skuld dei seinaste åra. Tradisjonelt har rørslene vore ein del mindre.

Dansen blei nedskriven av Klara Semb når ho heldt kurs på Fagerheim ungdomslokale i Skogbygda på Nes på Romerike ein gong på 1920-talet.

Namn på dansen: Firetur frå Romerike

Dansefamilie: Turdans, firetur

Område: Romerike

Musikk: Holmenvalsen
I staden for den kjente melodien til Firetur som Klara Semb skreiv ned etter Olea Ullerengen frå Nes på Romerike i Akershus, har me valgt å bruke ein fin men ikkje så kjent vals. Denne valsen vart spelt til dans på Østre Holmen gård i det som før heitte Vestre Aker, som no høyrer til Oslo. På Østre Holmen gård var det også ballsal, og eit eige familieorkester med fele, cello og piano.

Musikarar: Svartskop spelemannslag, arrangementet er laga av Vegar Vårdal

Kjelde: Norske folkedansar: turdansar, Klara Semb - trykk på lenka for original skildring av dansen

Dansarane: BULder og brak i Bondeungdomslaget i Oslo

Musikkansvarleg: Akershus og Østfold Musikkråd

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2019)

Firetur frå Romerike i tulleversjon

Ver merksam på at dette ikkje er i tradisjon frå nokon, men fri improvisasjon av både dansarar og musikarar.

Fleire videoar

Sjå alle