Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Songleik

Ein bonde i vår by

Ein enkel og gøyal songleik der ungane kan leike att dei er både bonde, katt og ost.

  • Antall dansere

    Større grupper,

    Fleire

  • Målgruppe

    Barnehage

    Barneskule

  • Tematikk

    Dyr

  • Innspelingsstad

    Vatne, Møre og Romsdal

Om dansen

Ein bonde i vår by er ein kjekk songleik som er enkel å lære seg. Du kan danse den gjennom så mange gonger du ønskjer, og den passar å bruke både i større og mindre grupper.

Dansen startar med at alle står på ring, med ein person (bonden) i midten. Ringen går eller dansar motsols medan den i midten går motsett veg i ringen. For kvart vers skal den eller dei i midten ta med seg ein ny frå ringen utanfor inn. Til slutt endar ein opp med ei heil rekke inni ringen, der bakerste på rekka er osten. Når songen er slutt blir osten att igjen i ringen og blir den nye bonden.

Teksten til songen:

Ein bonde i vår by, ein bonde i vår by.
Hei, hopp, fallerallala, ein bonde i vår by.

Bonden tek ei kone...
Kona tek eit barn...
Barnet tek ein hund...
Hunden tek ein katt...
Katta tek ei mus...
Musa tek ein ost...
Og osten han blir att...

Namn på dansen: Ein bonde i vår by

Dansefamilie: Songleik

Dansarane: Dansarane på filmen er frå Vatne Frilynte Ungdomslag

Regi: Halldis Folkedal

Pedagog og regi: Anna Liv Skjelten Gjendem

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)

Fleire videoar

Sjå alle