- Songdans
Det var ein gong ein liten gut
«Det var ein gong ein liten gut» handlar om ein liten gut som skal gjete sauer og som møter på ein rev. Kva trur de guten gjer mot reven?
Antall dansere
8+ (Større grupper)
Målgruppe
Barnehage
Barneskule
Tematikk
Dyr
Innspelingsstad
Stryn

Om dansen
Dette er ein song som Elin Grytting har fått fram i lyset. Ho har lært den frå Johanna Ormberg frå Sogn.
Dansemåten har vore laga av fleire, både av Elin Grytting, Ingrid Søyland og seinare tilpassa dansegruppa i Fjelli Ungdomslag.
Teksten
Det var ein gong ein liten gut som skulde gjete saue
Sauen inn i tjukkarust, guten utpå haugen
So kom der ein rev og vilde ha seg eit lamb
Då tok guten børsa si og skaut han midt i baken – PANG!
(Tjukkarust = tjukk skog)
Namn på dansen: Det var ein gong ein liten gut
Dansefamilie: Songdans
Kjelde: Fjelli Ungdomslag
Musikk: Song
Dansarane: Dansarane på filmen er frå Fjelli Ungdomslag
Regi: Halldis Folkedal
Instruktørar: Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Lukasz Zamaro
Lyd: Håvard Halden Sethre
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2017)




