Danselyst: Terminologi
Mange typar steg, tak og helsingar går att i ulike folkedansar, og her tek me for oss stegtypar, tak og helsingar som vert nytta i dansane. Vi bruker i dette undervisningsopplegget ein terminologi som baserer seg på den som er vanleg i den norske folkedanstradisjonen. Vi har imidlertid vald å gje ein del omgrep nye namn for å gjere undervisningsopplegget meir brukarvenleg.

Appell
Ein appell er å trø eller trampe hardt i golvet. Nokre gongar er det berre ein appell, men oftast kjem det fleire appellar etter kvarandre, for å markere ein overgang.
Armkrok
Dansarane står ved sida av kvarandre med andletet vend kvar sin veg. Dei tek saman med høgre arm slik at albogane kjem inn i kvarandre.
Attersteg
Ein dansar oftast attersteg i ring som sviv med sola men dansarane vender rett inn mot sentrum av ringen. Ein trør til sides med venstre foten, og stig inntil med høgre. Så trør ein til side att med venstre foten, og trør lett inntil med høgre foten. Deretter trør ein til side (tilbake) med høgre foten, og set venstre foten lett inntil. Kvar gong ein flytter ein fot skal det vere ein svikt i kroppen.
Atterstegtak
Still opp i ringen med føtene vend inn mot sentrum. Alle stikk venstre armen inn under høgre armen til sidemannen og grip med venstre handa om høgre handa til sidemannen, med fire fingrar over handbakken og tommelen kring tommelen. Løft armane inn i ringen og bøy dei slik at olbogane kjem fram frå kroppen og hendene litt over akslehøgd.

Bygdedanstaket
Paret står på sida av kvarandre, med ansiktet kvar sin veg. Dei legg høgre arm rundt livet på kvarandre, med venstre hand litt oppå armen til partnaren sin arm.

Danseretning
Om ein skal danse medsols tyder det at ein dansar same veg som sola går over himmelen, eller som visarane på ei klokke går. Dansar ein derimot motsols er det den andre vegen.
I dei fleste dansar der ein dansar parvis etter kvarandre som i reinlender er danseretninga motsols. I ringdans og songdans/songleik går ringen medsols.
Engelsksteg
Ein går fram med venstre foten, deretter høgre foten fram – venstre fram – høgre fram osb, men gjer ein ekstra svikt for kvart steg. Ein trør ned på heile foten. Det blir altså to sviktar på kvar fot. Den første er lang og den andre er kort. Den andre svikten blir brukt til å føre den ledige foten forbi slik at den er klar til å starte på neste steg.
Figurersteg
Sett den eine hælen i golvet framfor den andre foten med eit hopp. Skift til andre hælen i golvet med eit nytt hopp.
Gåsteg
Dette steget er svært likt det steget me nyttar når me går. Stega vert utført slik at dei passar med danserytmen. Det kan variera noko korleis ein trør ned når me dansar, men det mest vanlege er å trø på heile foten, slik at hælen kjem først, utan at den får tyngde. Tyngda kjem ikkje før heile foten når golvet.
Kompliment
Jente: Jenta har tyngda på venstre foten, set høgre foten i kross bakom venstre og bøyer seg djupt i knea. Ho har endå hovudtyngda på høgre foten. Nå bøyer ho hovudet og akslene. Så rettar ho seg oppatt og er klar til å danse igjen. Ho kan også ha tyngda på høgre foten og setja venstre i kross bakom.
Gut: Guten har tyngda på venstre foten, set høgre foten innåt i det han bukkar djupt og markert. Han kan også ha tyngda på høgre foten og setja venstre innåt.
Enkelt kompliment
Jente: Jenta neier eller kniksar lett med beina samla.
Gut: Guten gjer eit lite nikk eller bukk mot jenta.
Polkasteg
Ein kan danse steget til sida på denne måten: Sett venstre bein til sida. Gjer eit hopp der du sparkar høgre fot inntil venstre slik at den flyttar seg vidare til sida. Det skal vere ein slags ”pendelrørsle”. Kvart steg har to sviktar. Dei kjem på venstre fot begge gongene når ein startar med denne, og på høgre fot når ein startar med den. Ein kan og danse steget framover og rundt.
Parvis etter kvarandre på ring
Dansarane står to og to, gutane innerst, begge med anletet i danseretninga.
Parvis i ring
Dansarane held saman i ein stor ring, guten har jenta på si høgre side.
Hoppsteg frå ril
Hoppsteg liknar steg ein nyttar når ein hinkar, men ein flyttar seg vanlegvis ikkje så mykje framover på sjølve hoppet. Steget går snøgt og har ein kvass, markert svikt eller gyng. Ein nyttar annakvart bein. Vi løftar ein ledig fot, slik at kneet vert bøygd når me svingar foten fram til neste steg, og set den ned litt i kross, slik at han kjem beint framfor den andre foten. På denne måten får ein markert den kvasse takta ekstra godt. Steget har totalt to sviktar.
Kjede
Dansarane snur seg mot eigen partnar, og gut og jente tek saman høgre i høgre med eit vanleg ”helse - tak”, slik ein helsar på folk til vanleg. No skal gut og jente dansa kvar sin veg i ringen (guten mot sola). Gutane dansa forbi dansepartnar på innsida, gjev venstre handa til neste jente og dansar forbi ho på utsida. Slik held gutane fram med å gje høgre hand til jentene han dansar forbi på innsida, og venstre hand til jentene han dansar forbi på utsida. Jenta dansar samtidig med sola (motsatt veg av det gutane dansar). Jentene dansar først på utsida av dansepartnar og på innsida av neste, som ho gjev venstre handa. Og slik held ho fram; høgre handa til gutane ho dansar forbi på utsida, og venstre hand til gutane ho dansar forbi på innsida.
Kvilesteg
Ein dansar kvilesteg i ring med sola. Då vender føtene nesten langs ringen, mens overkroppen vender litt meir inn mot sentrum. Steget vert utført slik at ein trør fram langs ringen med venstre foten, stig inntil med høgre foten. Så trør ein fram att med venstre foten, og set høgre foten inntil. Deretter trør ein fram med høgre foten, og set venstre foten lett inntil. Kvar gong ein flytter ein fot skal det vere ein svikt i kroppen. Det er lurt å øve inn kvilesteg etter reinlendermusikk slik som vist på DVD-en.
Kvilestegtak
Still opp i ringen med føtene langsetter ringen. Alle stikk venstre armen inn under høgre armen til sidemannen og grip med venstre handa om høgre handa til sidemannen, med fire fingrar over handbakken og tommelen kring tommelen. Hald armane innåt kroppen.

Reinlendersteg
I dette steget flyttar vi beina tre gonger. Først blir det to springsteg med ein svikt på kvart bein. Så eit siste trinn der vi får vi to sviktar på same bein medan ledig fot svingar fram til neste steg. Dersom vi startar på venstre bein, blir første steg v-h-v og neste h-v-h osb.
Reinlendertak
Gut og jente står ved sida av kvarandre, i danseretning. Guten legg høgre armen kring livet på jenta, medan jenta legg venstre armen på guten si høgre skulder.

Samdanstak, lukka
Gut og jente står rett mot kvarandre. Begge stikk høgre armen under venstre armen til den andre, og legg den på skulderbladet / ryggen til den andre. Med venstre armen grip dei tak rundt den høgre overarmen eller bak på høgre skulder til den andre.

Samdanstak, ope
Gut og jente står rett mot kvarandre. Guten stikk høgre handa under venstre armen til den andre, slik at dei held på skulderbladene til kvarandre. Med andre handa held dei kvarandre i handa. Armane skal haldast i albogehøgd, ut frå kroppen.

Sidesteg
Ein set den eine foten til sida, ”spenner godt frå” med den og trør så fort etter med den andre foten, slik at den første foten nesten kjem opp frå golvet. Slik held ein fram i same retninga me må då bruka eine foten kraftig og trø etter med den andre. Steget går fort og glidande etter golvet, utan for mykje gynging.
Springsteg
Som gåstega, er også springsteg svært likt det steget me nyttar når me spring, men vert utført slik at dei passar med musikken. Springsteg kan dansast både i 3/4 og 2/4 takt, men alltid med eit steg pr. taktslag. Springstega skal vanlegvis vera korte, med ikkje alt for høg svikt.
Stoppesteg
Enkelt forklart er stoppesteg at ein trør på den eine foten, og set den andre lett inntil, slik at tåspissen kjem ved sida av tåballen på dansefoten. Så gjer ein ein liten ekstra svikt, og fortset steget med den foten ein set inntil.
Støypa lys
Jente: Jenta set venstre foten med tåa i golvet, litt bak høgre foten, og sig rett ned til venstre kneet så vidt når golvet. Så reiser ho seg roleg og set venstre foten inntil høgre. Høgre foten ber kroppstyngda, venstre vert berre nytta til å støtte med. Samstundes som jenta sig ned, rundar ho skuldrene og bøyer ho hovudet ned, men held ryggen rett. Når ho er kome opp att rettar ho seg opp og løftar hovudet heilt til slutt. Jenta held i skjørtet med begge hendene.
Gut: Guten bøyer hovudet og overkroppen, stoppar litt, og rettar seg opp att. Helsinga hans, tek like lang tid som jenta si, og følgjer helsinga til jenta. Guten samlar føtene når helsinga startar, og legg som regel armane i kors over brystet.

Svikt
Ein svikt vil seie at ein gjer ein neierørsle ned og opp. Ein bøyer i knea på veg ned, og rettar ut knea samstundes som ein løfter hælane på veg opp att. Ein brukar ein eller fleire sviktar for kvart steg.
Valsesteg
Ein trør fram på høgre fot med ein svikt, og set venstre inntil med ein svikt. Deretter fortset neste steg med bak på venstre fot og høgre inntil.
Åttetal
Det er tre personar som står på ei rekkje. Dei to på endane vender mot den som er i midten. Kvar og ein skal tenkje seg eit åttetal teikna på golvet. Den som står i midten av dei tre, startar med å gå til høgre for ein av dei andre (dansar nr. 2), og denne byrjar å gå sitt åttetal. Når dansar nr. 2 passerer dansar nr. 3 byrjar denne å gå. Alle tre går altså det same åttetalet, men startar på kvar sin plass.
