Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Danselyst: Metodiske tips

I dette kapittelet får du norke gode metodiske tips til du skal i gang med danseinstruksjon.

Danseglede

  • Det viktigaste metodiske tipset er: Utstrål danseglede! Meininga med dans, er at det skal vera moro! Haldninga di smittar lett over på elevane.
  • Legg vekt på takt og rytme, slik at elevane har ei kjensle av dette.

Generelle metodiske tips

  • Det er viktig at alle er varme i kroppen før ein tek til å danse. Bruk tid på å varme opp før dansinga tek til
  • Alle dansar med alle, uansett kjønn. Ikkje gjer eit poeng av at gutar og jenter MÅ danse med kvarandre. Du kan til dømes sei: ”ta saman to og to”, og så ordnar det seg oftast av seg sjølv. Etterkvart vert det naturleg å ta saman med den som står nærmast
  • Folkedansen har oppstått i et samspel mellom spelemann og dansar. Når ein skal danse, er det musikken som er den viktigaste rettesnora. Ein bør heile vegen bruke musikken aktivt i opplæringa.
  • Ein god metode kan vere å la elevane lytte til musikken – gjerne ein heil melodi, utan å danse til. På denne måten vert dei kjend med musikken, takt og rytme, før dei skal fokusere på forma i sjølve dansen.
  • Den folkelege dansen byggjer på dei naturlege rørslene våre. Utgangspunktet for all opplæring bør derfor vere at ein rører seg etter musikken på ein naturleg måte. Ein kan gå og springe framover, bakover, til sides, rundt kvarandre osb. (sjå også leikane under). På den måten blir ein van med å røre seg til musikk.
  • Når du instruerer ein dans, er det lurt å byggje opp dansen gradvis, slik at det ikkje vert for mykje nytt å lære. La elevane meistre eit element om gongen, til det til slutt vert ein heil dans
  • Ein kan gjerne lage bilete av korleis stega skal sjå ut; Ein kan samanlikne detmed å gå små musesteg eller vere ein sprettball. På denne måten vert det enklare å få til å herme stega, og kroppshaldning, samt enklare å hugsa dei.
  • Bruk tid på grunnsteget, for det er det grunnleggande i dansane.
  • Dans mykje sjølv – vis meir enn du forklarer med ord. Stå gjerne i midten av ringen.
  • ”Syng”, saman med melodien, korleis dansen er – ”høgre klapp og venstre klapp, begge klapp, på låret klapp….”. På denne måten hugsar elevane rørslene lettare når dei høyrer melodien.

Forenklingar

Det er mogleg å gjere mange ulike forenklingar av dansane, utan å øydelegge den. Slike tilpassingar kan du gjere i høve til alderstrinn og nivå på elevane. Nedanfor skisserar me nokre forenklingar, som er døme på kva du kan gjere med steg og dans:

  • For dei minste elevane vil mange av stega vere nokså vanskelege å få til. Bruk då gåsteg eller springsteg i staden. Det viktige er å halde på takten, ikkje på steget.
  • I pardans vil det for elevar opp til mellomtrinnet ofte vere ein fordel å danse rundt ein gong, på den tida ein eigentleg skulle dansa to rundar. På denne måten får ein meir flyt i dansen
  • Det same gjeld for taket ein brukar når ein dansar rundt saman. Bruk armkrok eller bygdedanstak i staden for lukka samdanstak. Då vil det å danse rundt fungere betre for dei minste
  • I staden for å gå kjede, kan ein gjere det slik at berre dei som går motsols går, medan dei andre står i ro. Neste gong kan ein bytta slik at dei som står medsols får gå

Rytmiske leikar

For å øve inn ulike steg og dansar kan ein nytte ulike rytmeleikar. På denne måten leikar ein seg fram til steg, takt og dans. Elevane får kjensle av ein pause i undervisninga, medan det eigentleg er ein annan måte å lære på.

  • Troll og prinsesser.

Ein av elevane er troll, medan dei andre er prinsesser. Trollet skal prøve å fanga prinsessene. Med ein gong trollet har teke ei prinsesse, vert ho også eit troll, som skal fange dei andre. Det vanskelege med leiken er at det skal gå i takt. Prinsessene brukar springsteg, medan trollet brukar halve takta, og brukar gåsteg. Er det mange elevar kan ein ha fleire troll

  • Klappeleikar

Her kan læraren finne på ulike måtar å klappe eller trampe i takt med musikken på. Kanskje kan ein dele elevane inn i ulike grupper, som klappar på ulike takter i musikken. Elevane vert på denne måten medvitne om at det finst fleire alternative taktar i musikken. Prøv om dei kan finne takta sjølve. Kva er hovudtakten i musikken? Kvifor?

  • Leik ulike dyr

Gå på ringen og leik ulike dyr. Læraren ropar ut dyrenamn, og elevane går slik dei trur det dyret ville gått til musikken. Det er viktig å bruke heile kroppen, ikkje berre beina. Diskuter dykk fram til kva dyr som passar best til kva dans eller rytme (slapp som ein ape, små musesteg, kenguru, tung som ein elefant osb)

  • Hermegåsa

Elevane går saman to og to eller tre og tre. Ein av dei skal finne på ei rørsle som dei synest passar til musikken, mens dei andre skal herme. Når læraren klappar i hendene, er det ein ny som skal vere leiar. Dei må hele tida bevege seg i ei takt som passar til musikken.

Eigne variantar

Det kan vere ei morosam og inspirerande oppgåve for elevane å lage eigne variantar av dei dansane dei har lært. Det er likevel viktig at elevane er medvetne om når dei bruker ei form som finst i ein nedskriven tradisjon, og når dei dansar sin eigen variant. Det ligg eit stort og grundig arbeide bak det å teikne ned dei ulike norske folkedansane i den forma dei hadde då dei var i bruk som ein levande tradisjon. Det er denne forma som først og fremst blir brukt i det norske folkedansmiljøet i dag, sjølv om vi sjølvsagt også her finn både vidareutvikling og nyskaping, særleg innafor songdansen og runddansen.