Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag

Portrett: Arne M. Sølvberg og Asbjørg Hustveit Sølvberg

La deg inspirere av instruktørane og eldsjelene i Fjell Ungdomslag, Asbjørg Hustveit Sølvberg og Arne M. Sølvberg.

Ekteparet Sølvberg har over ei årrekke lagt ned ein solid innsats og engasjement på folkedansen og folkemusikken, særleg i Fjelli Ungdomslag i Stryn. Der har dei frå 1970-talet til i dag lært opp minst 400 unge dansarar i både lokale og nasjonale dansetradisjonar. Asbjørg og Arne har vore, og er framleis, viktige drivkrefter for lokalmiljøet, ungdomslaget og spelemannslaget på Fjelli.

Asbjørg (f. 1950) og Arne (f. 1950) har ein eineståande evne til å skape eit trygt sosialt miljø for ungdommane, der dansegleda står i fokus. Duoen har gjennom dansegruppa på Fjelli klart å etablere solide og berekraftige ungdomsmiljø over lang tid. Deira arbeid er heilt unikt i norsk samanheng. Dei har klart å vere tradisjonformidlarar og barne- og ungdomsarbeidarar gjennom skiftande tider. Dette vitner om ein ekte dedikasjon, og ein fleksibilitet og evne til omstilling for og med tradisjonen.

Asbjørg og Arnes roller i dansegruppa er forskjellige og dei utfyller kvarandre, men saman har dei eit brennande engasjement for å ivareta og formidle samanhengen mellom musikk og dans. Paret har vore sentrale i fjupinga og videreføringa av lokale danse- og slåttetradisjonar lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei er særs gode danseutøvarar, og i 2004 vann dei Landskappleiken med Nordfjordspringar i dans fele klasse A, same året som to av deira vaksne barn vann i klasse B.

Arne og Asbjørg mottok Prisen for folkemusikk og folkedans i september 2021, i regi av Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Det var Noregs Ungdomslag som stod bak nominasjonen. Teksten er delvis henta frå grunngjveinga. Heile teksten kan du lese her.

Regi: Halldis Folkedal

Foto: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard

Musikk: Arne M. Sølberg

Lokale: Ungdomshuset Fjellvarden

Fleire videoar

Sjå alle
Intervju

Intervju: Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr

Intervju

Intervju: Fiskå Frilynde Ungdomslag