Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Turdans
  • Leikar

Stjernepolka Bodø (forenkla)

I denne forenkla utgåva av stjernepolkaen går me på rekkjer, dansar fritt med galoppsteg og leikar ninja!

  • Antall dansere

    To eller fleire

  • Målgruppe

    Barneskule

    Nybyrjar

  • Innspelingsstad

    Aspåsen skole, Bodø

Polka er ein dans i runddansfamilien og var saman med vals den mest populære selskapsdansen fram til 1900-talet. Det finst mange ulike polkavariantar.

I denne filmen dansar barna ein forenkla variant av Stjernepolka, ein turdansvariant av polka. I denne dansen leikar dansarane seg med å vere ninja og å danse fritt. Dette er eit godt eksempel på korleis ein kan bruke folkedans som ein del av ein aktivitet eller gjere om på dansane for å tilpasse dei alder eller gruppestorleik.

I filmen nedanfor ser du heile dansen i eitt!

Namn på dansen: Stjernepolka (forenkla)

Dansefamilie: Turdans, danseleik

Musikk: Sila sand, Rasmus og verdens beste band - Puppan Te Pappa

Dansarane: Elevar ved Aspåsen skole i Bodø

Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal

Koreografi og pedagog Bodø: Anette Johansen

Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum

B-fotograf: Nils Eilif Bremdal

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)

Fleire videoar

Sjå alle
  • Bygdedans
  • Springdans

Springdans frå Nordsinni