- Springleik
- Bygdedans
Springleik frå Lom
Springleik er ein form for bygdedans som går i tretakt. Du dansar to og to i par og kan leike deg med eit sett med ulike turar. Dansen kan også forenklast for yngre/ferskare dansarar.
Antall dansere
To eller fleire,
Pardans
Innspelingsstad
Hunderfossen eventyrpark, Fåberg, Innlandet

Om dansen
Springleik er ein form for bygdedans som går i tretakt. Det finnast fleire variantar av springleiken i Gudbrandsdalen. Dei har ein del likheitstrekk, men du vil òg kunne sjå variasjonar i form, motiv og sviktmønster. Denne springleiken blir dansa i Lom, nordvest i Innlandet fylke.
Namn på dansen: Springleik frå Lom (også kalla Lomsspringleik)
Dansefamilie: Bygdedans, springleik
Område: Lom, Ottadalen i Innlandet fylke
Musikk: Melovitten, springleik etter Jakup Skogum, i form etter Vegar Vårdal
Musikar: Vegar Vårdal (fele)
Kjelde: Slik dansen blir lært bort i Lom i dag
Dansarane: Hanne og Synne Kjøk frå Landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule
Regi og pedagog: Vegar Vårdal
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Produsent: Noregs Ungdomslag (2023)
Her kan du sjå dansen i si heilheit utan instruksjon:
Ynskjer du å lære om dei forskjellige springleikane i Gudbrandsdalen? Sjekk ut denne forklarane filmen frå Nasjonalbiblioteket:
Her kan du sjå Lom spel- og dansarlag som dansar Lomsspringleik på Landskappleiken 2024 på Gol. Fleire filmar med springleik kan du søke opp på YouTube.
