- Turdans
- Ril
Skotsk ril (rekkeril)
Skotsk ril er ein rekkeril med opphav frå dei britiske øyene. Dansen er også kjend under andre namn, som Virginia ril eller bananskrellaren.
Antall dansere
Fleire,
Større grupper
Målgruppe
Nybyrjar
Erfaren
Barneskule
Ungdomsskule
Vidaregåande skule
Innspelingsstad
Aspåsen skole, Bodø

Rilar og rekkerilar tilhøyrer dansefamilien turdansar. Det er dansar der ein dansar bestemte motiv i eit fast mønster tilpassa musikken. Rilane har gjerne eit litt høgt tempo, noko som betyr at dei ofte er veldig morosamme å danse.
Skotsk ril, også kjent som Virginia ril eller "bananskrellaren" etter det eine motivet i dansen, er ein dans som bør vere lett å lære for dei fleste. Den passar for store grupper og kan difor vere veldig kjekk å bruke i skulen.
Denne dansen stammar frå dei britiske øyene. Rekkerilar var populære å danse på bygdedansar i England, men opphavet til rilane var både irsk og skotsk. Det finst fleire variasjonar av denne rekkerilen, men forma vi har filma er den mest brukte i Noreg.
Det høyrer ikkje til ein bestemt melodi til denne dansen. Du kan finne fleire forslag til musikk du kan danse ril til på vår speleliste på Spotify.
Namn på dansen: Skotskril (rekkeril), Virginia ril, Bananskrellaren
Dansefamilie: Turdans, ril
Musikk: Jokijenkka, Frigg - Keidas-Oasis-Oase
Dansarane: Elevar ved Aspåsen skole i Bodø
Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal
Pedagog i Bodø: Anette Johansen
Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum
B-fotograf: Nils Eilif Bremdal
Klipp: Anders Øvergaard
Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)
