Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Songleik

Per Sjuspring

Per Sjuspring er ein songleik. Her viser me korleis du kan bruke den i klasserommet!

  • Antall dansere

    To eller fleire

  • Målgruppe

    Barnehage

    Barneskule

  • Innspelingsstad

    Aspåsen skole, Bodø

Om dansen

Per Sjuspring er ein morosam songleik som barna likar.

I songleik skal du både synge og danse samtidig. I Per Sjuspring kan du vere så mange eller så få som du vil, men det kan vere kjekt at det går opp i partal. Her dansar elevane på Aspåsen skole i klasserommet. Det går også an å danse den på ring. Rørslene i dansen er slik:

Har du sett Per Sjuspring danse? - Spring mot venstre.
Har du sett Per Sjuspring danse? - Fortset å springe mot venstre.
Trur du ei... - Snu mot eigen partner og hytt med høgre peikefingar.
...han danse kan - Snu mot framand partner, hytt med venstre peikefingar.
Han dansar som... - Snu mot eigen partner og hytt med høgre peikefingar.
...ein adelsmann - Snu mot framand partner, hytt med venstre peikefingar.
Det var ein... - Ta saman i ring og sett eine foten inn i ringen med eit tramp.

Så gjentek du songen og fortset å telle opp til sju;

1: tramp med eine foten
2: tramp med andre foten
3: ned på kne
4: ned på andre kneet
5: ein olboge i golvet
6: andre olbogen i golvet
7: hovudet i golvet

Namn på dansen: Per Sjuspring

Dansefamilie: Songleik

Musikk: Per Sjuspring, Barna synger - Barna synger 4

Dansarane: Elevar på Aspåsen skole i Bodø

Prosjektleiar, regi og pedagog: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag

Pedagog i Bodø: Anette Johansen

Fotografi og regi: Jørn Nyseth Ranum

B-fotograf: Nils Eilif Bremdal

Klipp: Anders Øvergaard

Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)

Fleire videoar

Sjå alle
  • Bygdedans
  • Springdans

Springdans frå Nordsinni