- Turdans
Langedans frå Valdres
Langedans er ein form for dans utan dansepar, og ein kan vere omtrent så mange eller få ein vil. Den passar for alle aldrar og nivå.
Antall dansere
Større grupper
Målgruppe
Nybyrjar
Innspelingsstad
Rudi gard, Sør-Fron, Innlandet

Om dansen
Langedans er ein form for dans utan dansepar, og ein kan vere omtrent så mange eller få ein vil. Den passar for alle aldrar.
I denne forma frå Øystre Slidre i Valdres har ein fleire motiv enn det ein finn i andre langedansar og den er vanlegvis dansa med Valdresspringarstek i springartakt. Dansar ein denne dansen utanfor Valdres er det naturleg å bruke dei lokale bygdedansstega- og slåttane. Du kan med andre ord danse til den musikken du sjølv vil.
Ein del dansegrupper som har framsyningar brukar av og til langedans til å danse seg inn og ut på scena.
Namn på dansen: Langedans frå Øystre Slidre, Valdres (også berre kalla "langedans")
Dansefamilie: Turdans
Område: Øystre Sludre, Valdres i Innlandet fylke
Musikk: Dansar-hans, springleik i tradisjon fra Vågå
Musikar: Vegar Vårdal (fele)
Kjelde: “Norske folkedansar: turdansar”, Klara Semb, 1991, side 97. Sjå nedteikinga digitalt på nasjonalbiblioteket.no.
Dansarane: Elena Bjørnstadhaugen, Hanne Kjøk, Inga Bjerke Bjormyr, Iselin Anna Aukrust, Janne Kristin Urkegjerde, Jonathan Vide Jansson , Olea Ymbjørgøyen, Semon Harerusten og Synne Kjøk, alle er elevar frå Landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule
Regi og pedagog: Vegar Vårdal
Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum
Produsent: Noregs Ungdomslag (2023)
