Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Turdans

Kørsdans frå Grue Finnskog

Kørsdans frå Grue Finnskog er ein turdans som kan dansast åleine eller som par eller ei større gruppe.

  • Antall dansere

    Ein,

    Fleire

  • Innspelingsstad

    Rudi gard, Sør-Fron, Innlandet

Om dansen

Kørsdans frå Grue Finnskog er ein turdans og du kan danse anten åleine eller saman i eitt eller to par. I følge kjelda skal ein danse over eit kryss, t.d. to pinnar som ligg i kryss ,og dansarane skal stille seg opp i kvar si rute i krysset. Det går også an å danse utan krysset, slik dansarane gjer på filmen.

Det viktigaste i dansen er steget, der ein kryssar fyrst over med høgre fot, hoppar og deretter kryssar over med venstre fot, som ein så vidt rører golvet med.

Namn på dansen: Kørsdans frå Grue Finnskog

Dansefamilie: Turdans

Område: Grue Finnskog i Innlandet fylke

Musikk: Kørsdans frå Grue Finnskog, etter Klara Semb (song)

Musikar: Vegar Vårdal (fele), Semon Harerusten (gitar), Janne Urkegjerde (fele)

Kjelde: “Norske folkedansar: turdansar”, Klara Semb, 1991, side 114. Sjå nedteikinga digitalt på nasjonalbiblioteket.no.

Dansarane: Hanne Kjøk, Synne Kjøk, Iselin Anna Aukrust og Elena Bjørnstadhaugen frå Landslina for folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule

Regi og pedagog: Vegar Vårdal

Foto og klipp: Jørn Nyseth Ranum

Produsent: Noregs Ungdomslag (2023)

Fleire videoar

Sjå alle
  • Bygdedans
  • Springdans

Springdans frå Nordsinni