Hopp til hovedinnhold
Noregs Ungdomslag
  • Runddans
  • Reinlender

Dobbel reinlender

Reinlender er ein velkjend dans for mange. I dobbel reinlender dansar me fire og fire saman, det går óg an å dansa tre og tre.

  • Antall dansere

    To eller fleire

  • Målgruppe

    Barneskule

    Nybyrjar

    Ungdomsskule

    Vidaregåande skule

  • Innspelingsstad

    Geirangerferja, Geiranger - Hellesylt

To jenter står i forgrunnen på ferjedekk. Fleire folk i bakgrunnen.

Om dansen

Dobbel reinlender er ein fin måte å dansa reinlender på i starten sidan ein slepp å dansa rundsnu rundt. Dette er ein dans i opplæringstradisjon. Det vil si at det eigentleg ikkje er ein tradisjonell dans.

I denne videoen har me valt ut fem motiv som du kan variera dansen med. Men kanskje du finn nye måtar å dansa dansen på?

Nedst på sida finn du dei ulike motiva i filmar kvar for seg.

Andre namn på dobbel reinlender kan til dømes vera bilreinlender. Då kan ein tenkja seg at dei fire til saman er ein bil som manøvrerar seg i dansebana. Dette kan óg vera ein fin måte å læra at det ikkje er vanleg å dansa forbi kvarandre/køyra forbi kvarandre i køyrebana. Og at dansepara må stoppa/ tilpassa seg slik at dei ikkje kræsjar med dei framfor seg.

Namn på dansen: Dobbel reinlender

Dansefamilie: Runddans, gammaldans

Musikk: Gammel reinlender, Øystein Sandbukt - Normør

Dansarane: Barn og ungdom frå Hellesylt UL og Sykkylven Frilynde UL

Prosjektleiar, regi og pedagog: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag

Pedagog og regi: Anna Liv Skjelten Gjendem v/Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal

Foto og regi: Jørn Nyseth Ranum

B-foto: Lukasz Zamaro og Nils Eilif Bremdal

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Nicolai C. Stigar

Produsent: Noregs Ungdomslag (2016)

Dobbel reinlender motiv 1:

Dobbel reinlender motiv 2:

Dobbel reinlender motiv 3:

Dobbel reinlender motiv 4:

Dobbel reinlender motiv 5:

Fleire videoar

Sjå alle
  • Bygdedans
  • Springdans

Springdans frå Nordsinni