Lær deg folkedans og folkemusikk
Folkepedia er eit prosjekt med barn og unge frå heile landet der Noregs Ungdomslag lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans og folkemusikk. Sidan 2016 har vi laga meir enn 100 dansefilmar innan sjangrane songleik/songdans, bygdedans, runddans og turdans, og fleire skal det bli. Filmane er gratis tilgjengeleg for alle å bruke til t.d. undervisning, opplæring, research eller inspirasjon. Vi håpar du likar filmane og at du kanskje prøver deg på ein av dansane. Gi oss gjerne attendemelding eller kontakt oss om du lurer på noko knytt til dansane eller musikken.


Ny nettside for Folkepedia!
Velkomen til den nye nettsida til Folkepedia! Vi er framleis i prosess med å overføre alle dei omlag 130 dansefilmane frå gamal til ny nettside, så du finn kanskje ikkje alle filmane her no, men det kjem veldig snart!
Den nye nettsida har fått eit oppsett der du kan filtrere og søke etter dans og filmar, som vi håpar skal gjere det enklare å ta i bruk dansefilmane du treng.
Gje oss gjerne attendemelding om noko er feil, ser rart ut eller om du ynskjer deg andre funksjonar. Og så set vi pris på at de er litt tålmodige med oss medan vi får gjort ferdig arbeidet med ny side.
Fremheva dansar
Sjå alle
- Runddans
- Polka
Strekkbuksepolka

- Bygdedans
- Leikar
Nordlandspols + stiv heks = sant

- Runddans
- Reinlender