Tullemarsj

 

Dans: Tullemarsj
Musikk:
MAAR "Fannemelsvevet"

Om dansen: Polonese og marsj er to dansar som ofte vert brukte om kvarandre. Dette er dansar der ein både kan kjenna seg som ballets dronningar og kongar, eller som tullete hoffnarrar.
Polonesen kom til Noreg på 1850-talet. Den har gått frå å vera ein polsk hoffdans (tenk Askepott), til balldansar i byane og på storgardane på Austlandet og til uhøgtidlege marsjformer der vi blandar saman alt som er morsomt.

Dansarane er frå Fiskå Frilynde Ungdomslag. 
Filma på Hakallegarden.

Musikk: Til marsj og polonese er det mogleg å bruke mange ulike melodiar som går i 2/4 eller 4/4 takt, t.d. halling, polka eller marsj. På denne filmen har me brukt MAAR si låt “Fannemelsvevet” som du finn på Spotify her. Elles kan du t.d. teste ut nokre av låtane i spelelistene våre halling, ril eller liknande som du finn her.

Kjelde: Folkedansdråpar. Læremateriell for folkedans i vidaregående skule, skriven av Egil Bakka, Brit Versland og Dag Vårdal.

Regi: Halldis Folkedal
Foto: Jørn Nyseth Ranum
B-foto: Roar Midtlien
Lyd: Olav Frisberg Larssen
Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai S. Caspari
Dansepedagog: Anna Gjendem

Filmane er støtta av: Møre og Romsdal fylkeskommune, Møre og Romsdal folkemusikklag, Sunnmøre Frilynde Ungdomslag, Nordmøre og Romsdal Ungdomslag, Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal og RFF - Rådet for folkemusikk og folkedans.