Parhalling

 
 

parhalling

Mange har nok høyrt om dansen halling, men visste du at du óg kan dansa halling to og to? Dette kallar me for parhalling, ein dans som liknar på dansar som gangar og bonde. Fellestrekket med desse dansane er at du kan gå-dansa dei sidan musikken er i totakt og at det finst ein del like motiv.

I desse dansane er det vanleg at dei to som dansar gjer motiv i lag, men at ein og har plassar i dansen der ein dansar kvar for seg. Dette kallar me lausdans. Etter lausdansen er det ofte vanleg å gjera eit samdansmotiv.

I parhallingen på denne sida har me valt ut nokre motiv som kan brukast i dansen. Dette er berre eit utval som kan byggast ut med fleire motiv etterkvart. Motiva kan vekslast på, alt etter kva dansarane kjenner passar inn der og då. 

Takk til dansarar og instruktørar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag!

Produsent, pedagog og regi: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag

Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum

Pedagog og regi: Anna Liv S. Gjendem

B-fotograf: Lukasz Zamaro 

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp:  Nicolai C. Stigar

Filmen er produsert i samarbeid med Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal