Om prosjektet

Under filming på Aspåsen skole i Bodø. Foto: Anne-Marte Før/Lukkeleik

Under filming på Aspåsen skole i Bodø. Foto: Anne-Marte Før/Lukkeleik

 
 

Formidling av folkedans for og med barn og unge

Noregs Ungdomslag har lange tradisjonar med å laga undervisingsmateriale for og med folkedans, og desse filmane er resultat frå eit førprosjekt som me har kalla Folkepedia.

Folkepedia er samansett av «folke» som viser til folkedans/folkemusikk, «ped» som viser til pedagogikk, eller «pedia» som viser til Wikipedia. Dette er eit førprosjekt for og med barn og ungdom.

Folkepedia er for deg som har lyst til å dansa folkedans, som allereie dansar folkedans eller for deg som underviser folkedans.

Prosjektleiar, pedagog og regi: Halldis Folkedal/Noregs Ungdomslag

Fotograf og regi: Jørn Nyseth Ranum

B-fotografar: Lukasz Zamaro og Nils Eilif Bremdal

Lyd: Håvard Halden Sethre

Klipp: Anders Øvergaard og Nicolai C. Stigar

Prosjektgruppe: Anna Gjendem, Vegar Vårdal, Anette Figenschou og Trine Sjølyst

Spørsmål eller tilbakemeldingar til prosjektet, kontakt: folkepedia@ungdomslag.no

Filmane i forprosjektet er spelt inn i Oslo med Norsk Folkemuseums dansegruppe og BULder og Brak, i Bodø med elevar frå Aspåsen skole og BUL Bodø, og Hellesylt/Bjørke med dansarar frå Hellesylt Ungdomslag og Sykkylven Ungdomslag.

Folkepedia skal på sikt verta ei generell side om folkedans og folkemusikk i Noreg saman med andre aktørar på feltet.

Forprosjektet er støtta av Landsrådet for Noregs barne-og ungdomsorganisasjonar  (LNU). 

LEITAR DU ETTER MUSIKKEN?

Du finn den på Tidal og Spotify

Noregs Ungdomslag

Noregs Ungdomslag (NU) vart skipa i 1896, og er ein kulturorganisasjon med omlag 14.000 medlemmer i nær 400 lokallag over heile landet. Føremålet til organisasjonen er å skape engasjement og levande lokalmiljø, gjennom folkelege kulturaktiviteta.

Ta kontakt

Send oss gjerne ein e-post: folkepediaATungdomslag.no